2012-09-04


Nytt hekleprosjekt

I dag starta eg på eit nytt hekleprosjekt.
Det er kjekt å kunne variere mellom prosjekta.
Men kva det blir, ja det må du vente å sjå! 

Eg fann fram eit gamalt sengetøy 
som eg har starta å klippe opp i strimlar på ca 1,5 cm.
Eg prøver å klippe opp litt når eg først sett meg ned, 
men klare ikkje la ver å hekle litt etterkvart.
Det er klippinga som tek tid, 
så det kan ver eg har starta på eit evighet-prosjekt.
Det gjenstår å sjå.

Ute herjar den første hauststormen,
medan eg sitt inne å kosar meg.
Og det er då det er kjekt å ha 
noko handarbeidssyssel å kose seg med.

Ha ein fin tirsdags- ettermiddag! 

1 kommentar:

meta sa...

Ja nå må du bare kose deg inne! Været ute kan storme så mye det vil, det gjør ingenting! Faktisk et supert vær å være inne i :) Misunner deg...
Klem fra mamma

Bilder