2013-01-25


Ukulele

Vi kjøpte oss ukulele rett over nyttår,og det går i
"I`m yours" med Jason Mraz,til den store gullmedalje,
både for storebror og mamsen i huset.



Men no skal det øvast på nye akkordar, og nye songar kan lærast.
Lissjebror har enno ikkje prøvd so mykje, men han kjem nok etter han også.

Svigers kjem innom i kveld med pizza,
og vi skal sjå IDOL og kose oss.

Vi sjåast!

2013-01-22


Det har vore lenge stille her på bloggen no, 
og det har sine grunnar.
Der er ikkje alltid ting endar som dei skal,
og ekstra tungt er det når slikt skjer i høgtider.

Det vart eit annaleis nyår for oss,
men vi ser fram til året 2013, 
og dei nye mulighetene som det har med seg.
Og ikkje minst har vi det bra, 
og vi er takksame for det vi har og har fått.

Ettersom eg har vore heime no sidan nyår,
har eg fått saumfart det som er av bloggar og interiørblad, 
og er klar for det nye også i heimen. 

"Ja, det blir å saumfare det som er av bruktbutikkar 
etter kobbar- lysestakar og lignande, 
som du ga i fra deg for kanskje ikkje so lenge sidan"

-Vi sjåast!


2012-09-20




Puff

Materialer:
Easy, Sandnes Garn, 15 nøster
Rundpinne 100 cm , nr 12
 
Oppskrift::

1 rille = 1 omg fram og tilbake

Legg opp 70 m med trippel tråd.
Strikk rillestrikk til ca 30 riller.

Felling: 

Str 2 og 2 m sm ut pinnen,
men str alle m tilbake. (35 m)
Str 1 omg utan å felle sm m.
Siste omg str ved å ta av første m,
og 2 og 2 m str sm ut pinnen. (18 m )
Snu, og str ut omg utan felling. 
Fest tråden i enden av strikket godt 
før du trekk tråden igjennom dei 18 m 
og snurp saman. 

Sy, hekl eller strikk saman strikket i sida.
Fyll deretter puffen med ønsket innhold,
anten et par dyner eller kva som måtte passe,
og snurp godt saman.
Sidan tråden er så tjukk, er det veldig 
vanskelig å få snurpa heilt i hop.
Bruk derfor denne ned, som botn av puffen.

Håper oppskrifta er god å forstå.
Den er iallefall enkel og fort gjort å strikke!!




2012-09-17



Enda eit nytt prosjekt

No har eg endeleg fått av gipsen,
etter nesten 5 laaange veker.
Dette har ført med seg ein heil del
 tenking og spekulering.
Både på godt og vondt.
Og ein god del ønsketenking 
for framtida :D

Eg har strikka eit par puter,
starta på eit evighets-
prosjekt innen hekling, 
og no har eg starta på eit nytt
strikkeprosjekt.
Min egen "PuffDaddy".

Eg har også vore på trening i dag.
Restitusjonstrening??
Eg må nok igjennom en del treningar, 
før foten virkar som før..
Men eg er meir optimist no,
enn for nokre veker sidan!!

Hade då,
Vi sjåast!! 


2012-09-04


Nytt hekleprosjekt

I dag starta eg på eit nytt hekleprosjekt.
Det er kjekt å kunne variere mellom prosjekta.
Men kva det blir, ja det må du vente å sjå! 

Eg fann fram eit gamalt sengetøy 
som eg har starta å klippe opp i strimlar på ca 1,5 cm.
Eg prøver å klippe opp litt når eg først sett meg ned, 
men klare ikkje la ver å hekle litt etterkvart.
Det er klippinga som tek tid, 
så det kan ver eg har starta på eit evighet-prosjekt.
Det gjenstår å sjå.

Ute herjar den første hauststormen,
medan eg sitt inne å kosar meg.
Og det er då det er kjekt å ha 
noko handarbeidssyssel å kose seg med.

Ha ein fin tirsdags- ettermiddag! 

Bilder